Gå inn på https://www.facebook.com/klokkespill for å se Bygdas Egen Julekalender!

I 2017 sette Sør-Fron Sokneråd ned ei gruppe som skulle greie ut spørsmålet om eit nytt klokkespel til Sør-Fron Kyrkje. Målet nå, er å engasjere gudbrandsdølane til å være med å realisere draumen som alle kantorane i Gudbrandsdalsdomen har hatt sidan det elektriske klokkespelet frå 50-talet slutta å låte. Det vart fort klart at om ein skulle gå igang med eit slik prosjekt til kyrkja nå, måtte det bli eit ekte klokkespel. Sidan klokketårnet ikkje er egna for ein slik installasjon, vart konklusjonene eit frittståande klokkespel. Klokkene veg mellom 15 og 260 kg med diameter mellom 26 og 76 cm.
Arkitektkontor har utarbeida ei prosjektskisse som viser det planlagte klokkespillet med 25 klokker, plassert i det sør-østlige hjørnet av kyrkjegarden.
Naboar, kulturlivet, næringsdrivande og andre har sagt at dette er et fint tiltak som dei gjerne støtter. Å få eit nytt klokkespill vil være bra på mange måtar. Eit frittståande klokkespel ved kyrkja vil glede alle på spesielle dagar og vera med å skape ei flott rame rundt høgtidsdagar.
På tur inn i 1000 års markeringa av kristningemøte er vi i arbeidsgruppa optimistiske med tanke på økonomiske bidrag. Vi satsar på eit spleiselag mellom gudbrandsdøler, utflytta døler, fritidsinnbyggere, næringsdrivande, stat, fylke, sokn og kommune.
Vi startar med julekalender, som vi håper skal være ei triveleg følgjetong nå i fjørsjulstida, når vi ikkje kan møtast.
Allereie nå kan folk kjøpe andelsbrev, som vil vera ein god ide som julegåve til den som har alt. Da er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret ved Kristian Haave eller Sergey Shulga.